mandag 24. september 2012

Druesalat

  
 



Ville berre skryte litt av veire vi har i dag!
Det finaste høstveiret enn kan tenke seg, faktisk :)

fredag 14. september 2012

Septemberutfordring - bruk puncher!


Då har eg meldt meg på ei utfordring med kortet mitt! 
Septemberutfordringa hos kortgleder, som ber om bruk av puncher.

Her er mitt bidrag!














Vil du sjå kven eg konkurrerar mot så trykk HER!
Så sitt eg her å kryssar fingrane eg! ;)

Ha ei super helg! :)

torsdag 13. september 2012

Bursdagskort/pakke :)

Her har eg brukt innpakkninga til ein boxer! Papiret eg har brukt er gjenbruk (Papp frå ein banankasse)  og pion ark.
Hjertecharms er brukt både inni og utenpå kortet!
Pakken har kortet på toppen av loket!
Inni! ;)
Vimpelen har eg sydd i saman med maskin





 På sida av kortet er åpninga!
 Inni  åpninga ligg det eit papir som en kan skrive bursdagshilsen på!
Om ein vil, så er det mulig å ha gava inni og! 

Eg har meldt denne kort/pakken på # Utfordring 52 hos Anonyme Scrappere! For fleire bidrag sjå her! :)



tirsdag 4. september 2012

Nytt skjerf!

Eg har dilla på skjerf, å no har eg vore å kjøpt meg enda eit! Eg kjenne at det gjer meg glad når eg ser det heng der på kroken på rommet mitt! 

Å kjøpe skjerf gjer eg når eg finn eit eg fell for med ein gong, å det gjor eg denne gongen! Eg er veldig glad i jordfargar, å den brunfargen som var på skjerfet drog berre blikket mitt til seg i de eg gjekk forbi hylla det låg i. Ja, først gjekk eg berre forbi! Egentlig var eg på vei ut av butikken, men i det eg gjekk ut døra ombestemte eg meg å gjekk inn igjen. 

Eg berre viste det! EG MÅTTE BERRE HA DET!



Her eg bur treng en skjerf for ikkje å fryse! Her har vi, på 3 året, hoppa over sommaren, å det er IKKJE bra!!

 Så her er bilde av det nyinnkjøpte hærligheta!
Eg syns fargen var berre heilt nydelig!



Å kor kjøpte eg det? Eg kjøpte det på ein plass eg aldri skulle tru at eg skulle handle kle... 
Nille!!! Det kosta berre 99 kroner! Å det var ikkje gale for ein slik skatt!! :) 


Å gløymde eg å sei det.... her herja den første hauststormen, 
å dei fleste klagar over veire!

Eg siterer ei god venninde
"Bok, stearinlys, te, radio,roskjevæir ... Ja off kor forferdeli!"

Hausten er sjarmerande med sine sprell, dei vakre fargane og den gode stemninga ein no skapar inne :) 

Ha ein fin kveld!

mandag 3. september 2012

Her er det stadig endringar, men slik er det vel når en har laga seg blogg. En blir vel ikkje nøgd med resultatet før en har testa ut nokon "facinga"!? Eg er ikkje helt nøgd enda, men eg er snart der eg vil vere! ;) Det som eg ikkje likar er at det er store bokstavar på datoen og div anna.... :(

Navnet ja... I utgangspunktet var det "draumesida mi" bloggen heite, men så vart eg så i tvil på om eg skulle tørre bruke det navnet.... - men eg gjer det no! :) 
Om eg endra på det igjen det får tida vise... ;)  

Akkurat no kjennes det rett ut med de navnet her :)

Bildet er frå tidlegare i år! 
utsikta mi <3

No tek denne dama kvelden! 
God natt! 


lørdag 1. september 2012

Bursdagspakkekort !


023


Når twinsa mine skulle i bursdag hadde eg enda ein gooood grunn til å lage eit kort!
Eg hadde kjøpt en topp til jenta dei skulle i bursdag til, å i tillegg fekk ho pengar. Rundt
pakken som toppen var i, laga eg kortet. Det var veldig kjekt å lage! Litt uheldig med bildene
då eg akkurat var ferdig med kortet når dei skulle reise, å det er typisk meg å ta dei i
“hurten og sturten”! :

030


Eg syns kortet vart fint, å ungane mine vart særs imponert over kor flink mamma dei
har ;) haha :)) Bra dei ikkje kjenner nokon av dei proffe kortlagarane ;) Bursdagsbarnet
var og godt nøgd, å det var vel det som var det viktigaste :) Kjekt å bli 12 år!!!


Vis Bursdagspakkekort