onsdag 8. august 2012

Når en kjem heim frå ferie, så er det fleire i husstanden som lengtar etter ein fiskemiddag! Eg trur ikkje at det er dårlig med fisk i hovudstaden, men eg fant ingen som selde fiskerettar. Ikkje verken Mc Donald's eller BurgerKing ;) Eg såg dei hadde rødspette på Egon's, men det har eg aldri smakt så då blei det til at eg kjøpte mat eg har smakt før! 

Tilbake til middagen mandag! Det vart fisk! Steikt tork som var rulla i mjøl med salt og pepar, servert med nyepoteter og mammas gode fiskesaus! Det var berre himmelsk! Eg vil anbefale deg å teste den ut! 

Her kjem vertfall oppskrifta :)

Det du treng for å lage fiskesausen er:


1 pk fløte
1 pk Creme Frauche
1 terning Maggi fiskebuljong (ingen annan er brukande)
1 ts estragon


Ha alt i ei panne å la det koke til det tjuknar!


Då er det berre å sette seg å nyte maten ;)


Mengda saus held til 4 personer :)