lørdag 16. juli 2016

Eit skakt og verslitt utedo

Om nokon lurte på kva eg gjer på skulen så skal du sjå det no. Her er eit av prosjekta eg har jobba med - Eit skakt og verslitt utedo. Dette var andre arbeidskravet vi hadde i kunst og handverk, og eg digga det!!
Eg vaks opp på ein gard på Stadt. Der budde det tre generasjonar i kvar sin husstand. I eldste huset på garden var der ikkje innlagt avløp. Her var det utedo som var einaste alternativ. Mitt utedo er en kopi av denne. Eg hadde vel en fordel av å vere den eldste i klassa, då det virkar som ingen av den yngre garden hadde nokon gong hadde brukt eit gammalt og skakt utedo. 
Den har en storleik på 15x20x30 cm
Første gjesten :)
Eg tok nok litt av, men slik er det når hovudet legge planar eg ikkje har kontroll over :) Eg hadde det utrulig kjekt med å forme doen. Eg starta med ein mal av papp. Denne kledde eg først på innsida. Eg laga utforingar til glasa, før eg lista rundt. Eg samla stein som eg brukte til å mure opp grunnmur med. Så la eg på bordkledning på utsida. Eg brukte ei panellengde som eg fant liggane ute. Denne fekk eg skore av ytterste laget av (ca. 1,5mm) Så kappa eg dei opp i 1 cm tjukke bord. Døra laga eg av ein ende med mala panel som låg på bålet. Denne fekk ein veldig fin uttrykk som passa perfekt. Dei same brukte eg til å liste rundt vinduet og.



På eit utedo skal det henge eit kongebilete. Her er det speil og ukeblader (ligg på golvet). Eit stearinlys har eg laga av ein stift. Denne dyppa eg i stearin.  



Gamle aviser ligg i glaskarmen ilag med nye dorullar. Her ser du og stearinlyset som står på hylla. Fyrstikker vart laga av tynne pinnar som eg dyppa i raud neglelakk.

Då eg sende bilde til mannen som var på sjøen av utedoen så trudde han eg hadde laga den i normal størelse, og vart litt småsur :) Han lurte på "ka svarte vi skulle med det?". :)


For at utedoen skulle vere funksjonibel så måtte den ha ei luke der en kunne tøme "sjiten"



Eg kjøpte hengslene på ei nettside. Eg tykte dei var litt store, men eg hadde ikkje noko anna å bruke istaden, så slik vart det. Skiltet laga eg sjølv. Eg skreiv det ut på printeren, og brukte klar embossing for å få "skiltforma".
Eg berre måtte sette på eit humoristisk skilt på dodøra med <3. Kroken er laga av streng.

 Til glas brukte eg hardplast. Det er vel fyrste gongen eg har hatt behov for den slags :) 
 Taket vart til då eg gjekk på tur med hunden. På ein tursti her eg bur ligg det flater med "råten" stein i forskjellige tjukkleikar. Då fekk eg ideen til å prøve å forme det som dråpeskifer. Eg starta med å bruke saks, og det gjekk helt bra til eg fekk eit gedigent gnagesår. Eg brukte varmlim til å lime steinen til taket. Det vart ikkje fint då limen viste litt meir enn det eg hadde håpa. Derfor brukte eg en varmepistol til å varme limen for så å strø sand over. Det same gjore eg med grunnmuren. Den såg murt ut etter denne behandlinga :)
Eg fekk ingen karakter på utedoen, men tilbakemeldinga frå læraren var 
" eg er imponert ", 
og det var bra nok karakter for meg ;)

Til jul vart det til at nissen brukte doen, noko som var stas :)

Eg er med i denne utfordringa med utedoen min 
Eg har brukt plast frå emballasje, gamle plankebitar og streng.
Nina E


Babykort

Det går lenger og lenger mellom kvar gong eg delar noko på sida mi. Etter at eg tok til på skulen har det ikkje vore tid til så mykje scrapping, og det eg har laga har eg ikkje tatt bilete av ein gong. 
No hadde eg litt tid til overs så derfor tenkte eg å dele dette kortet med dykk. 


I nabohuset her i Torvikfeltet kom det ei lita prinsesse til verda 11 juli. Ho hadde mørkt hår, og var meir gylden i huda enn dei fleste andre i bygda, og det til tross for at kalenderen viser sommar. Ho var så vidunderlig vakker at eg ikkje har ord. 
Eg hadde tippa på at ho skulle bli ein prins, derfor vart eg tatt litt på senga då eg sat med barselkle til en gut... Dei ligg her til vent til nokon får en prins :)
Her kjem eit bilderas :)










Eg deltek på desse utfordringane med kortet mitt
:

Ha en fin sommar :)

Nina E

tirsdag 22. desember 2015

Julekulekort?

For ein stond tilbake skulle vi vere med å dele bestemor sine eigendelar. I ei kasse med julepynt låg der nokre gamle kulen. Desse hadde borna hennar fått i julegåve då dei var små, og dei fortalde kor stolte dei hadde vore av desse kulene. Derfor fekk eg då ideen om å lage dette kortet.

 Egentlig er det ein boks, som då inneheld ein jultetrepynt til ein av dei eg er tante til Eg håpar at den vil følge ho på vegen gjennom livet, nett som julekulene som vi fant heime hjå bestemor.
Eg har ikkje brukt mykje pynt då det vil vere upraktisk å ha ein boks som ein ikkje kan pakke vekk.
Inni boksen brukte eg "rillepapp" for å beskytte julepynten.

Eg har og sett inn ein speledåse som spelar bjelleklang :) Sjå filmen helt nede

På ein bruktbutikk kom eg over ei stor bjelle som var tett i tett med små konglar som eg kjøpte for en 5'er ;)
 

Her er link til filmen som viser heile boksen, og spiledåsen eg har brukt inni:)  Du kan sjå den ved å trykker her

Under har eg lagt ved historia om julekulene i glass, som eg synes passa perferkt til ei slik gave <3

God jul, alle! :)  


søndag 19. juli 2015

Bryllupskort med lilla blomster

 Det er første gong eg har laga bokkor, fordi eg trudde det var så vanskelig å få det til, 
men eg tok då feil :) Eg fant framgongsmåten på å lage kortet her om du ville
prøve deg på å lage eit 













Ha ei fin veke!
Nina E